Velkommen

Lanseringsmøte for Årsskrift 2023 (Dei frammøtte forfattarane) Lanseringsmøte for Årsskrift 2023 (Dei frammøtte forfattarane)
Kyrkjene i Romsdal, eit praktverk. Foto Rigmor Sjaastad Hagen Kyrkjene i Romsdal, eit praktverk. Foto Rigmor Sjaastad Hagen
Pakking av Kyrkjebok for Romsdal 2021. Foto Rigmor Sjaastad Hagen Pakking av Kyrkjebok for Romsdal 2021. Foto Rigmor Sjaastad Hagen
Frå 100-årsjubileet i Bjørnsonhuset 25. august 2021 Frå 100-årsjubileet i Bjørnsonhuset 25. august 2021
Ordfører får overrakt Molde Byleksikon Ordfører får overrakt Molde Byleksikon
Romsdal Sogelag mottar t-skjorter med skreddarsydd trykkbilde frå Romsdalsmuseet Romsdal Sogelag mottar t-skjorter med skreddarsydd trykkbilde frå Romsdalsmuseet
Styret i 2022 Styret i 2022
Lokalhistoriekveld i Nesset Lokalhistoriekveld i Nesset
På tur til Tjellefonna På tur til Tjellefonna
Nils og Helene Parelius Nils og Helene Parelius

Romsdal Sogelag er eit historielag for det som før heitte Romsdal fogderi. I dag tilsvarar dette kommunane Aukra, Fræna, Midsund, Molde, Nesset, Rauma, Sandøy og Vestnes. Laget var stifta 25. august 1921.

LES MEIR OM HISTORIA ....

 

ROMSDAL SOGELAG 100 ÅR


Siste nytt

12. Mar 2025

Nytt styre i Romsdal sogelag

Det nye styret etter konstitueringStyret RS 2025,1Leiar: Kenneth Staurset Fåne, Nestleiar: Per Arnt Harnes, Skrivar: Mads Langnes, Kasserar: Solveig N. Flemmen, Styremedlem: Turid Leirvoll Øverås, Vara: Dag Skarstein, Britt Iren Neergård og Bjørn Ølander. T. L. Øverås og B. I. Nergaard var ikkje til stades.

12. Mar 2025

Leiarskifte i Romsdal sogelag

På årsmøtet 11. mars 2025 blei Kenneth Staurset Fåne valgt som ny styreleiar, som den 5. i rekka, etter Bjørn Austigard som gjekk av etter 50 år i styret og 41 år som leiar.Bjørn og Kenneth

9. Apr 2024

Nye melodiar til bygdesongar

Komponisten Guttorm R. Ullvund har laga ei mengd nye melodiar til dikt som vi ikkje har funne melodiar til tidlegare. Alle melodiane er enkle, lettsungne og fengande. Han har fått hjelp til å arrangere songane av Arnold Farstad. Notar og lydfiler til desse nye songane finnst no under fana Bygdesongar : Lilja, Naar sommeren kommer (Bergsviksetra), Ein vårmorgon på Veøya, Mardalsfossen 1-2, Aandalsnes, Finnøy, På Tiltereidet og Sommar i Eikesdal.  Spesielt vil vi nemne det storfelte hyllingsdiktet til Romsdal, Lilja, som Ingvald Raknem skreiv i 1932. Her er noko å tenke på for arrangørar av 17. mai-tilstellingar!

9. Apr 2024

Det datt ned ein binders

Sogelaget har tidlegare gjeve ut Eirik Moens underfundige kåseri, både som trykt bok og som lydbok på kassett. No har vi fått digitalisert lydboka der Eirik Moen les sine eigne tekster, og gjort den tilgjengeleg her på heimesida vår. Du finn den under fana Tekster, eller her: https://www.romsdal-sogelag.no/tekster Lydfilene ligg ordna slik teksten står i den trykte boka, 55 kåseri i alt. Boka kan framleis kjøpast, kr 100.

> Tidlegare meldingar