Literaturen i Romsdal
Forfattaren, lektor cand. phil. Jostein Sæbøe, har lang og brei erfaring med litterært arbeid. Med dette banebrytande litteraturhistoriske verket blir den moderne diktekunsten i Romsdal for første gong presentert i samanheng, frå første verdskrig til tusenårsskiftet.
Forfattaren, lektor cand. phil. Jostein Sæbøe, har lang og brei erfaring med litterært arbeid. Med dette banebrytande litteraturhistoriske verket blir den moderne diktekunsten i Romsdal for første gong presentert i samanheng, frå første verdskrig til tusenårsskiftet.
Over seksti forfattarar med tilknyting til Romsdal fyller boksidene, og rundt 350 boktitlar er registrert. Her er det fyldige omtalar av kjende forfattarar som Else Breen, Ragnhild Magerøy, Knut Ødegård, Edvard Hoem, Odd Selmer, Steinar Løding, Brit Bildøen og mange fleire. Men her er også avsett plass til ei rekkje mindre etablerte utøvarar av skrivekunsten. Mange av dei er unge og spennande og vil heilt sikkert vere med på å prege litteraturen her til lands ut i det neste millenniet.
«Litteraturen i Romsdal» handlar om skjønnlitterære verk; først og fremst romanar, novellesamlingar, dikt-bøker og skodespel. Men også omtale av t.d. høyrespel, filmmanus, krim- og spenningsbøker, erindringsbøker, barne- og ungdomslitteratur, salmar, vise- og poptekster, kåseri og teikneserie-litteratur har fått plass i boka.
Boka er mynta på eit breitt spekter av brukargrupper; eit omfattande bibliografisk register vil gjere det enkelt å ta seg fram i boklandskapet for elevar og studentar, lærarar, pressefolk, bokhandlarar, bibliotekarar o.a. Men det viktigaste målet med boka er å gi den vanlege lesaren hint om all den rike litteraturen som har røtene sine i landsdelen, og som berre ventar på å bli tatt i bruk.
Forfattaren, lektor cand. phil. Jostein Sæbøe, har lang og brei erfaring med litterært arbeid; som pedagog i den vidaregåande skolen, som kulturjournalist,litteraturkritikar og forelesar. Han har også gjendikta utanlandsk poesi til norsk.
ISBN: 82-90169-59-0
Ny pris: kr 20,-