Aat Romsdals-ungdomen!

Bygd: Romsdalen
Tekst: Sand, A. O.
Melodi: Millom bakkar og berg
Kjelde: Songar ved stemna aat Romsdals ungdomssamlag paa Aandalsnes den 26. 27. juni 1909



Her me møtes til aalvor og gaman,
her paa Romsdalens solfagre vang.
Her ved Aksla paa Nes i mot Kamben,
der Isfjorden tek Rauma i fang.
 
Ser du Hornet der midt i dalen,
der det reiser seg byrgt i det blaa.
Upp-med toppen ligg traust gamle sâlen,
der ein stridsmann hev sett seg uppaa.
 
Trolli stend der paa hi sida, lurer, -
med dei sylkvasse tindar paa rad.
Ned' i dalen ligg hamrar og urder,
som ei stengsla for arbeidet glad.
 
Men sjaa Rauma, kor kipi ho skvalar,
denne megga fraa høgfjelli, hit.
Upp til Hornet ho smiler og talar,
men mot Trolli ho harmar seg kvit!
 
Me vil minnast dei framfarne tider,
bonden tala sitt maal utan knot.
Kom ein framand til bygdi umsider,
stod 'kje ervingen bøygd som ei rot.
 
Romsdals ungdom, som her hev si stemna,
lat oss verja og verna vaar arv!
Vakta vél um all dygd til aa nemna,
alt det landet og fylket vaart tarv.
 
Ver som Hornet ein vaktmann i dalen,
liksom Rauma ei fribori møy! -
Sterk og modig, som stridsmann i sâlen,
vil du liva og sæl vil du døy!