Attersyn

Bygd: Eikesdalen
Kommune: Nesset
Tekst: Helde, Einar
Melodi: Lars Søraas d.y.
Kjelde: Lovsongstonar /Einar Helde. - 2007

Skriven 1997


Eg ruggar i gyngestolen,
slik farfar før meg har gjort.
Eg ser attende på livet.
Eg synest det gjekk så fort.
 
Frå skulen i Eikesdalen
eg gode minne tek fram,
sprang bingsa, leikte blindtjuke,
stela stein var slett inga skam.
 
Aslaug og Esther var store.
Marit og Gunni var små.
Med Marit og Mimmi eg kappa,
og eg likte skryt å få.
 
Men seinare fekk eg vita
når eg på stykka fekk rett,
for andre som kappast med meg,
var det kje like lett.
 
Odd, Magnar og Harald var store,
Halvor og Arne var små.
Eg kjempa med Helge og Torleiv.
Eg ønskte stor styrke å få.
 
Vi låne fekk boksehanskar.
Eg fekk og eg gav mine slag.
Og det at eg lærte å bokse,
det gjer at eg lever i dag.
 
Ein time eg spesielt hugsar.
Vi song ifrå Alvestad.
Vi lærte svært mange tonar,
og songen gjorde oss glad.
 
Til kristendomstimen på skulen
vi lærte godt Sverdrup og Vogt.
Slik fekk vi vår ballast i båten,
oppseding, formaning og tukt.
     
I 1940 kom sjokket.
Odd måtte i krigen ut.
Mødrene ottast det verste.
Men heim att kom mann og gut.
 
Eg ville få meg utdanning.
Eg gjekk gjennom vatn og eld.
Men særleg minnest eg songen
kring juletre andredagskveld.
 
Før krigen var slutt, kom Mimmi
frå barndomsvennene bort.
Ho hadde flytta til Molde.
For henne vart livet kort.
 
No har vi nådd den alder
at fleire legg staven ned.
Magnar og Helge fekk flytte
inn til den evige fred.
 
Så kom også turen til Arne.
Det hjelpte så lite å be.
Dagane hans var talde.
Vi måtte oss bøye for det.
 
I haust vart det ekstra mykje,
for Halvor og Marit gjekk bort.
Det kom som eit slag på oss alle,
for reisebod kom så fort.
 
Når seks av oss måtte flytte,
vi er berre åtte att.
Og vi er komne til kvelden.
Vi veit ikkje når det blir natt.
 
Ein menneskealder er sytti år.
Dei fleste fekk oppleva det.
Livet kan gje oss så mange sår.
Til slutt får vi kvile i fred.