Bygda vår i helg og yrke,
hardslipt, kald og uversgrå,
gudemot og jotunstyrke
møte held på bylgja blå.
Bårebrim frå brot og bål
- dunk og dun og fall foss -
kjem det store, sterke, våe
hav med vikingbod til oss:
Ut, ja ut, for fangst å vinne,
aldri drøyme, aldri stå
gjerandslaus på stranda inni,
ut, ja ut, for fangst å nå.
Bygda vår so snaud og mager -
Bud, eit armt og magert land.
Bygda vår so rik og fager,
Havet føder alle mann.
Havets stabbur aldri tomt er
- Storsundet er stabbursdør -
det er vidt og det er romt der,
nok å ta av no som før.
Vel kan tronge tider tyngje,
her hev stått so mang ein strid,
men med tru me vil oss syngje
til en ny og betre tid.
Bygda vår i helg og yrke
- nordhavssno og vestanver -
ungdomsmot og ungdomsstyrke
krev av dei som lever her.
Sol kan lyse, verme, smile,
sjå det veks imillom urd,
skam få den som her vil tvile,
vinn gjer den som vil og trur.
Men det gamle, harde kravet
manar alltid like sterk:
Ungdom ut på ville havet,
ungdom ut til fagnadverk!