Eresfjord - å du så stor

Bygd: Eresfjorden
Kommune: Nesset
Tekst: Lillebostad, Sina Belgen
Melodi: Kom min snille / Bjørnen sover
Kjelde: Viser, songar og dikt frå Eresfjord og Eikesdal / Red. Bersvein Leirvoll. - s. 16



Eresfjord - å du så stor,
du kjære bygda mi!
Vakre gardar, grender
heile bygda til ende.
Gilde heim til alle deim
som bur i bygda mi.
 
Eresfjord - å du så stor,
du kjære bygda mi!
Fjella høge ruvar
så ein mest kan gruva.
Skjorta skin i kvite lin
snart heile året rundt.
 
Grepa kar, som her har gard,
det er då sant og visst.
Traktoren han rullar
heile dagen og mullar.
"Åkergull i sekkar full",
syng skurtreskar til sist.
 
"Eira" det er buss og bil
som køyrer i en kil.
Eira det er elva
kjend i heile verda.
Feite laksen, god åt kaksen
lokkar storfolk hit.
 
Eresfjord - ja du er stor,
du kjære bygda mi.
Aldri eg deg gløymer,
men i hjarta gøymer.
Lærd og stor og kjend på jord
lell blei du bygda mi.