Fiksdalssong
Update Required
To play the media you will need to either update your browser to a recent version or update your Flash plugin.
Bygd: Fiksdalen
Kommune: Vestnes
Tekst: Ellingsæter, Hanna
Melodi: Peder Frostad/ satsThorolf Høyer-Finn
Mest liksom mor, er Fiksdal eit ord
som hjarta varmar for oss som her bor.
Jente og gut som herfrå drog ut
lengtar titt heim att til slutt.
Sjå nedi dalen, fredsamt og trygt,
bygda vår ligg der så fager.
Dette er heimar fedre har bygt,
arbeid og livskraft dei gav.
Her dei tufta seg hus,
her dei rudde seg gard,
her slektene godt fekk leva.
Bygda er ljosleitt, triv'leg og stor,
ligg lunt her ved Romsdalsfjord.
Son etter far på eldgamle gard
rudde opp teigar, til grøda dei bar.
Bøar vart større, åkrane vaks,
står full' av mat-tunge aks.
Høgreiste fjell med skogkledde li,
småfisk i vatn og elvar.
Svalande fjellvind, sumarnatt blid
stryk over småbjørk ved sti.
Og når kveldssol sin gullglans
over bygda har lagt,
og folket har gått til kvila,
sylkvasse Mælen stolt står vakt,
speglar seg i Romsdalsfjord.
Fredsamt i ro kan folket her bo
grannelag godt gjer at venskap kan gro.
Onnug i arbeid, roleg i sinn,
slik oftast folket ein finn.
Unge og eldre - bygda er vår!
Me vil ho elska og æra.
Lyfter me saman, år etter år, oppover, fram skal det gå.
Og om motgang og uhell
nokon gong kjem på,
som sysken me då må vera!
Då kan med gleda Fiksdal me sjå -
lysande ved Romsdalsfjord.