Ute på Ona fyrtårnet står,
og fyret har lyst i år etter år.
Fyret det lyser frå «Kalven» der ute
som leiande stjerne for siglande skute.
Ute i havet du siglar din båt,
stirer mot fyret til augo blir våt.
Lengtande, ser etter lys og lei
og fyret det lyser og viser deg vei.
I storm og i kov, då går det på vona,
då spørs det om fyret lyser på Ona.
Men varmande lys det fører i famn,
og du styrer båten i tryggaste hamn.
Fyret som lyser om fluer og fall,
minner om lyset til himmelens hall.
Når lyset får skina inn i ditt sinn,
du styrer din båt i himmelen inn.