Gussiåsvisa

Bygd: Gussiåsen
Kommune: Nesset
Tekst: Lange, Liv Karin
Melodi: trad/Hu hei kor er det vel friskt og lett



I veit et sted der i høre te,
ut på landet, ut på landet.
med gudesjø som i svunna tid
fyltes opp med hellig ånde.
Der Bakkesan’ og Sandvikja
kan kjøle oss når me ein sommardag,
tek ein fridag, tek ein fridag.

Når sommar’n banka på døra der,
kan du plukke, kan du plukke.
Liljekonvallen på Rabben he
lukt av lykke, lukt av lykke.
Når nedpå Osvatnet vannlilja
står tett i tett og skjule laksen, da
e det sommar, e det sommar.

Å Gammelskulin bli pussa opp,
her i bygda, her i bygda.
Så mangt kan gå når me dreg i flokk,
no så veit me, at me kan det.
Når Vetafjellet i haustlys ligg,
når tytå sakte rødme langs ein rygg,
da kjæm høsten, da kjæm høsten.

Så lita bygd, likevel eig ho,
eventyret, eventyret.
Hopp Helling kom blid, men sint han dro,
sporet står om du vil sjå det.
At gullet skin, ja, det veit da me,
men at kringkastinga kom, kæm trudd’ det,
hit te bygda, hit te bygda.

I veit et sted der dei gamle e,
glad i bygda, glad i bygda.
Der ungdom ønska dem kunne bo
og der jenta, stod å venta.
./.Der gamle gardshus bli født på ny,
der sorg og lykke kjæm og går, men no,
slutte visa, slutte visa./.