Harøy, Harøy, øya er vår
Bygd: Harøya
Kommune: Sandøy
Tekst: Heggdal, Ragnhild Brevik og elevar frå Harøy skule
Melodi: Robert Coates
Kjelde: Ord ved hav
Omkved:
Harøy, Harøy, øya er vår!
Her vil vi leve år etter år.
Harøy, Harøy, øya er vår!
Her vil vi leve år etter år.
Dei minste i Sandøy kan leike seg fritt
med flåtar og båtar, syklar og slikt.
Omkved
Dei unge i Sandøy har mykje å gjere,
på skule, på fotball og musikk er det mange.
Der møter vi venner og hyggjer oss saman.
Omkved
Dei eldre i Sandøy har arbeid dei fleste.
Det er på gardar, i industri og på båt.
Og mange har jobben å hjelpe dei andre.