Harøy
Update Required
To play the media you will need to either update your browser to a recent version or update your Flash plugin.
Bygd: Harøya
Kommune: Sandøy
Tekst: Huse, P. A.
Melodi: O. E. Huse
Kjelde: Ord ved hav
Harøy mi Harøy, herlege heimstad
herleg med sol over grønkande straa,
ligg du derute fager og vaarglad,
smiler so vænt upp mot himmelen blaa.
Rundt um deg brusar fjordar og hav,
lærer meg syngja fraa vogga til grav.
Songen eg lærer, den vil eg gøyma,
gøyma i barmen ved dag og ved natt.
Og naar i trengsla, sorgfull eg drøyma,
daa vil eg minnast dei tonane att.
Aa, eg kan syngja enno ein gong,
beda om lukka og ljos i min song.
Harøy mi Harøy, fager om vaaren,
vollane grønkast og knuppane sprett.
Fager naar soli ho fell imot kvelden,
havgula svalar so lint og so lett.
Fuglane kvitrar songen so glad –
sjeldan me saag nokon fagrare stad.
Fager um hausten, bøane bleiknar,
blomane visnar og bladi fell av.
Fager naar stormen hyler og raser,
storbaara burar med liksong or hav.
Tungalda rullar inn imot strand,
bryter og skvetter langt upp etter land.
Fager um vinteren, lyngbrune tuva,
dekkjest og sovnar i vinterlang draum.
Naar utpaa havet baatane driva,
duvande sakte i stilla og straum.
Stjernone blinkar, maanen han skin,
himmelen blenkjer so blaaleg og fin.
Heime, ja heime, der vil eg vera,
der vil eg byggja og der vil eg bu.
Der vil eg strida, der vil eg lida,
der vil eg leva i von og i tru.
Herre, so høyr daa bøni eg bed:
Lys over Harøy din heilage fred.
Naar so kvelden dagen min hallar,
naar mine augo skal slokna ein gong.
Naar imot æva klokkone kallar,
naar eg kje lenger kan syngja ein song.
Daa vil eg beda: Harøy, mi øy,
tak meg og gøym meg –
den dag eg skal døy.