Heim til Molde

Bygd: Molde
Kommune: Molde
Tekst: Hindhammer, Rolf

Rolf Hindhammer har også skrevet melodien, arrangert for 4 stemmer av Knut Anders Vestad i 2020

I det fjerne der ved stranda

vi kan sjå vår vakre by.

Den seg speglar no i fjorden

i ei kveldsol utan sky.

Stille tårar renn på kinna,

slik vi Molde minnast kan.

Da som barn blant vener mange

her vi fekk vårt gode land.

 

Alt her kjennest som vår eige,

vi deg gjømmer i vårt bryst.

Våre slekter år attende

bygde by ved Romsdals kyst.

No du smiler der ved fjorden,

tonar høyrest, dei oss gler.

Vi kjem heim til lyse kveldar

- til en by som er oss kjær.

 

Molde, Molde, deg vi kjenner,

hit vår lengsel lett vil gå.

Fine holmar er der ute,

fjell og tindar mot det blå.

Du, den vakraste blant vakre,

der du ligg i solnedgang.

- Roser i dei stille hagar,

kyrkjetårn med klokkeklang.

 

No mot kvelden der ved stranda

ser vi klårt vår vakre by.

Sjå, den speglar seg i fjorden,

me eit glitter utan sky.

Stille tårar renn på kinna,

slik vi Molde minnast kan.

Da som barn blant vener mange

her vi fekk vårt gode land.