Heimbygda mi
Update Required
To play the media you will need to either update your browser to a recent version or update your Flash plugin.
Bygd: Fræna
Kommune: Fræna
Tekst: Ødegård, Ottar
Melodi: Oddmund Aas
Kjelde: Jul i Romsdal 1998, s. 43
Eg stod ein dag og skoda frå høgste nut i aust
mot vest på dal og bøar, til fiskebåt og naust.
Og vinden sleit i kleda, og skyer dreiv mot nord.
Då djupt eg kjende gleda, og sæl eg var på jord.
For heimen her eg hadde blant bjørkeli og strand.
Kvart fjell eg hadde vandra, og vassa bekk som rann.
Her menneska var slike eg kjende ut og inn.
Eg visste kva som budde i tankar og i sinn.
Ved Frænafjordens strender mot høge fjell og skard,
og ytst dei flate vidder mot Stem og kongegard.
Der var det folket budde i sogetid som var.
Korleis dei fedrar levde, på det vi søkjer svar.
Kor var det før i tida å vera folk ved fjord?
Kor hardt det var å streva med onner, hus og jord?
Når kornet nekta veksa, og svart var hav for mat,
gjekk då det an å leva, med born rundt tome fat?
Eg sat og las i skrifter med gule, falma blad.
Då liv det vart i orda, og fram dei steig på rad.
Dei gamle hadde rita og ned på arket fest,
om gleder og om kvider, om uår og om pest.
Eg såg kor trutt dei streva i busserull og stakk,
med hugen full av planar, men ofte vona sprakk.
Tidt skein dei sæl av lukke, men bakom lurde nød.
Dei truga var av sotter. og vane var med død.
Men no er dagar våre med strev og mange krav.
Må vi i tru og dygder få leggja urett av.
Lat oss som fedrar gjorde, i tid som faren er,
få vera med å byggja ein grunn før bort vi fer.
For etter oss kjem slekter som er av eigen sæd.
Må dei og finne lukka; om det eg stille bed.
Lat oss dei læra vørnad for strev og kristen tru,
og akta vel på bygda der vi fekk lov å bu.