Lilja

Bygd: Romsdal
Tekst: Raknem, Ingvald
Melodi: Guttorm R. Ulvund, opus 109.
Kjelde: Unge Romsdal 1932, s. 305-06

Doctor philos. Ingvald Raknem (1910-1980) frå Måndalen var litteraturforskar og sakprosaforfattar. Lektor ved Norges lærarhøgskole i Trondheim frå 1946, seinare dosent og professor i engelsk ved Universitetet i Trondheim fram til 1979.

Guttorm R. Ulvund laga i 2023, etter oppmoding frå redaksjonen, melodi til dette storfelte diktet.

 



1. Over høgd og hei eg traska, gjenom urd og avsnøytt lende
som av regn og eling vaska, høgfjellsgrått imot meg vende.
Alt eg gådde: ro og stille, kalde gufsar no og då,
kringum tindar, taggar ville, jaga skodda til og frå.
Vene syn og hugsviv dreiv meg, stein og halvurd skard mot solen.
Laus frå kvardagsmas eg reiv meg, stansa fyrst på høgste stolen.

 

2. Logn bak varden sess eg leitte, styrkte meg på kropp og sjel,
pusta ut og turka sveitte, kjende meg so heil og sæl.
Stirde lenge, såg og såg, vidt og breidt til alle sider;
fagre Romsdal for meg låg, - fagraste til alle tider.

 

3. For ein fjellheim utan like, klædd i grønt og kvitt og blått!
Her og der skein tjørn og dike, hadde himlens avglans fått.
For ein fjord so døkk og blå, fjell og himmel djupt dernede
kvarv og kom att no og då, svevdest etter vindars kvede.

 

4. Her og der stakk nes og tangar ut med høge, runde kollar.
Her og kvar låg lun og vangar, vene enger, vide vollar,
øyane og sjølve havet, bårande i skum og straum;
men eg gløymde striden, kavet og seig burt som trylt i draum.

 

5. Brått eg vakna upp og kjende blomeange søt og god.
Undren stod eg upp og vende meg, å sjå, ei lilje stod
der i livd bak stein og sturde, lint for kalde gufs ho vogga
fraus ho gjorde, og ho kurde vætt av kalde rimfrostdogga.

 

6. Blomar bar ho, blåe, bleike, ikkje store, ikkje mange;
utfådd' med og noko veike, men dei gav so god ein ange.
Ange søt og frisk og sunn, ange som eg sjeldan kjende,
som den skire helsebrunn, å, for utsøkt slumpehende.

 

7. Men eg så ho stod og sturde, kvidde seg for alt og alle,
so eg undra meg og spurde: "No kva tungt hev på deg falle,
du som er so frisk og fin, hev ein dåm so søt og god,
kveikjer meg med angen din, hev du ikkje livsens mod?"

 

8. Lenge tagde ho og mælte endeleg med såre ord:
Det som allstødt mest eg fælte, her til fjells so høgt mot nord
er den strid eg hev å bere - strid som gjeld mitt stakkars liv -
strid fordi eg til vil vere - nauda meg til striden driv.

  

9. Mangt og mykje vil meg herje, verst er natta med sin kulde;
og eg må mot mangt meg verje, vert ‘kje soleis det eg skulde.
Nordanvinden hard og stiv plågar meg kvar tid og time.
Regntung skodde kring meg driv, frøyser meg med morgonrimet.

 

10. Utsyn hev eg stort og fagert - snautt eg trur eg bedre ynskte -
men eit lende skrint og magert, det er verst og au det tyngste.
Høyr meg no kva eg deg bed: Tak meg burt frå kåra arme.
Tak meg upp og flytt meg ned, gjev meg sol og ljos og varme.

 

11. Og eg såg på lilja då, hennar vene blomar blanke
på dei grøne, granne strå gav min hug so mang ein tanke.
Over Romsdals bygder vide, dei eg såg og skilleg kjende
let eg sidan augo glide. Der var au eit magert lende.

 

12. Der var striden likso hard, ofte gjaldt det liv og vere,
ofte galdt det heim og gard, strid for seg og sine kjære.
Strid for det ein trong og tarv, mange stridar, harde, fæle –
strid for gamal fedrearv, strid for sed og mål og mæle.

 

13. Større strid og endå hardar, den som folket her hev ført
frå dei bygde desse vardar. Han som hev sjølv livet nørt.
Striden for å vekse rake, strid med både hand og munn –
der det galdt å velje, vrake, odlast fritt på eigen grunn.

 

14. Du som står her yst på stupet, ser so vidt um land og hav.
Sjå, der utpå Onadjupet fann so mang ein mann si grav.
Og kvar helst du augo vender, allstad same strid du finn
her og kvar kring desse grender; dei strir alle striden din.
Men det gjeld å halde saman, vilje, kunne, vakte trutt.
Då vert striden leik og gaman, livet berre frygd tilslutt.