Mi eiga bygd!

Bygd: Vestnes
Kommune: Vestnes
Tekst: Salthammer, Brynjulf
Melodi: "Eg veit i himmmerik ei borg".. Kan også synges på "For Norge, kjæmpers fødeland av A. Gretry
Kjelde: Unge Romsdal 1933 s. 17



Hurra, no tittar månen fram
bak svarte, tunge skyer.
Snart slengjer han den triste ham,
og bygdi mi ho lyser.

 

Ja sjå, der ligg mi fagre bygd,
som brud i brudgoms hender.
Gud signe deg, lat ljos og dygd
få leika kringum strender.

 

Gud signe deg, eg segjer so,
du veit at eg det meiner.
Du veit at òg mitt hjarteblod
er ditt, um so du krever.

 

Å kjære deg, mi eiga bygd,
bløm fagert du og lengje.
Lat Gud få gjeva fred og trygd
og stilla dine strengje.