Romsdal leve!

Bygd: Romsdal
Tekst: E. E.
Kjelde: Unge Romsdal 1935 s. 162

Skrive 21. mai 1935. Teksten handlar om at Møre fylke endra namn til Møre og Romsdal fylke. Fram til 1919 var namnet Romsdals amt.
So fekk du retten att,
Romsdal! etter denne triste -
  - svarte lagnadsnatt.
Det var det me visste
at sanninga må finnast
og rettferdskrav tilsist må vinnast.
 
Me helsar deg så traust me kan,
Romsdal! Og gjer oss sterk,
so me med vit og arbeidshand
kan gjera fagnaverk.
For Romsdal:  Du og me er eitt!
Og då er Romsdalsnamnet greitt.
 
So sterktnar du og lever,
Romsdal! Traust og tru.
Og gamle soga hevder
retten, slik me kravde eg og du.
No, sola gyller dagen ny,
og helsar folk i bygd og by:
Romsdal leve!