Romsdal, vår heimstad

Bygd: Romsdal
Tekst: Fjordaguten (Nils Solhjell)
Kjelde: Jul i Romsdal 1946 s. 24

Utanfrå havet til høgaste fjellet
breider seg Romsdal i stordom og velde,
so som når storbåra bryt imot skjæra,
og eling og storm over fjell er i gjæra.
 
Då stirar verharde andlet frå havet,
og skøyta kryssar seg opp imot kavet.
Og bonden seg stødar på plogen og ser
mot fjellet  - og vintren som trengjer fram der.
 
Men òg når vårsola ned på oss strøymer,
med grøn-gråe elvom frå fjellet fløymer,
når i sommarljose netter livet ler,
er du vår heimstad, den venaste me ser.
 
Og her dyrkar folket si fedranejord,
og strevar i sveitte frå fjell og til fjord.
Romsdal! Deg vil me minnast om bort me dreg,
og kjenna oss utlæg til me heimatt finn veg.