Romsdal

Bygd: Romsdal
Tekst: Marøy, Elias E.
Kjelde: Ord ved hav

Opp av hav stig blåe tindar,
kvite bre i sylvglans skin,
når me kjem med friske vindar
siglande  frå havet inn.
Det er Romsdals fagre fjell
strålande i kveldsoleld.
 
Kvite brim rundt dine strender
der kor havet bårar på.
Om du med og merke kjenner
Kan du inn til landet nå,
der kor fiskars heim og hus
ligg i livd for bårebrus.
 
Det gjeng båror i vår bringa
når me gjennom Julsunds port
let vår stamn og styre svinga
mot eit venleiksrike stort.
Skogluft andar oss i mot
ifrå bygd ved fjellets fot.