Romsdalssong

Bygd: Romsdal
Tekst: Moen, Erling
Kjelde: For bygd og by, 1924 s. 208

Fram, stemne fram no, raumar med ungdoms eld og glod!
Triv djerve framtids taumar som menn med malm og mod.
No gamle Raumsdal kallar kvar dotter og kvar son
med bringor og med skallar som hyser framtids-von.
 
Sjaa, Romsdalshornet spanar sin gamle, trauste kropp!
I ljos det stend og manar oss til aa vakne opp.
Og den som framleis blundar han aukar nordmenns skam. –
Vaar folkesjel ho stundar te kaste framand ham.
 
Ja, unge, friske runnar paa gamal stuv, gjev gaum!
Enn sviv på ættegrunnar den gjæve Kjetill Raum.
Lyft dyre ervelutar so høgt han kan deim sjaa,
lat alle laante klutar faa morkne bort i kraa.
 
Som Rauma tung seg støyper i vaarlengt ned mot fjord,
og morgonsola drøyper sitt gull på tela jord, –
so gaa til daadfylt yrke ein fylking heil og hag.
Og all vaar ættestyrke skal sjaa sin løyingsdag.
 
Lat steinen berre stengje so arg innunder torv,
vaar odelsgut skal sprengje ein veg for plog og horv.
So stig han morgonklaaren, so renn ein dag i aust.
Og voner fylgjer vaaren om rik og fager haust.
 
Lat Hustadvika reise seg olm i vestan-vêr,
lat baara tung seg deise innover øy og skjer.
Der ute karar trauste kan døyve skavl for stamn.
Or havsens djup, det rauste, dei skattar vinn i hamn.
 
Per Klungnes kjapt seg snudde i hardsett røynetak.
Me au vil stande budde og verje nordmenns sak.
Og slik at Norig sannar me i ei aalvors-stund
Var fremst imillom grannar til strid for fedregrunn.
 
Fram, stemne fram daa, raumar og syn at her er menn
med djerve, fagre draumar i gamle Raumsdal enn.
So fær me i vaart yrke i glede og i graat,
i sundagsfred ved kyrkje Guds signing rik attaat.