Romsdalssong
Update Required
To play the media you will need to either update your browser to a recent version or update your Flash plugin.
Bygd: Romsdal
Tekst: Sæbø, Asbjørn
Melodi: Høie nord, friheds hjem av Glæser
Kjelde: Korsong i Romsdal, 1985
Romsdalsfjord, Romsdalsfjord!
med di makt frå Vesterhavet
hev du male, hev du grave,
rita runor utan ord.
Med di hand i Romsdals hjarte
hev du rådt og enn du rår
med i det som var og verte
våre kår.
Stengt og audt, stilt og daudt
låg vel landet då du fann det,
men du ut av stengsla spann det,
rom for liv og vokster braut.
Kvarve slekt hev etter slekter
gjenom år i tusental,
av det folk som feste fekk her
i Romsdal.
Spyd på herd, sverd ved lår
bar dei menn som garden bygde,
bar dei menn som garden trygde,
i dei tunge, tronge år.
Dygd og dåd i desse grender,
gjenom natt i vardeljos,
skapte daggryet som vender
seg mot oss.
Romsdalsmann, hand i hand
vil me minnast våre feder,
vil me minnast deira seder,
deira stræv på sjø og land.
Lat vår gut i vogga kjenne
elsk til yrket som dei bar,
so han snart i tofta spenne
kan som kar.
Ute her, holmar skjær,
grå og glatte ligg og stengjer,
held i age hav som sprengjer,
her i fanget fiskevær.
Heimatt stemner havsens søner
gjennom brott og brand med fangst
upp, for mann og born det bøner
stig i angst.
Hustadvik, Onahav,
rettnok ofte rikdom gav de,
men de altfor ofte kravde
liv for gullet som de gav.
Men so og de ofte heve,
gjenom stormen sterk og stor,
synt oss Gud sin allmaktsneve
ved vårt ror.
Romsdalsfjord! sjå det sprett
millom dine fingrar lange
grøne bøar, lider mange
lysande i stor bukett.
Under sol frå himmel høge,
dogg frå foss og gjellsval sno,
stend han frisk og skal han alltid
stande so.
Enn i dag, Tomas prest,
kann me høyre klokkeomen
ifrå gamle "Veøydomen",
det er vår og pinsefest.
Som dei gamle i di kyrkje
signa fekk si øks, sitt skjold,
signing fær me over yrkje,
aks og mold.
Romsdalsfjell, Romsdalsfjell.
millionar år på vakta
hev vel tært, men ikkje makta
bryte ringen som de held.
Enno stend dei trollske tindar,
høgt mot sky stikk Romsdalshorn
manande sitt: "Upp og fram" til
Romsdals born.