Sandøysong
Update Required
To play the media you will need to either update your browser to a recent version or update your Flash plugin.
Bygd: Sandøya
Kommune: Sandøy
Tekst: Husøy, Nils
Melodi: Robert Coates. Kan også synges på Ja vi elsker
Kjelde: Ord ved hav
Ute mellom skjær og holmar ytst i Romsdalsfjord,
Der det ofte blæs og stormar over gamal jord.
Sandøy, flat og grøn og fager,
strid mot vind og ver.
No som før og alle dagar, kjent og kjær ho er.
No som før og alle dagar, kjent og kjær vår Sandøy er.
Fedrane som øya dyrka, fann så god ei jord.
Der dei kunne så og rydja, sigla blåe fjord.
Her dei fekk det som dei ville,
rådde grunnen fritt.
Her dei også sidan kvilde, etter strev og slit.
Her dei også sidan kvilde, kvilde etter strev og slit.