Solemdalsangen
Update Required
To play the media you will need to either update your browser to a recent version or update your Flash plugin.
Bygd: Solemdalen
Kommune: Molde
Tekst: Nakken, Johannes
Melodi: Mellom bakkar og berg
Kjelde: 17.mai-program 1950 og Solemdalsboka s. 13.
Mellom Skåla og Fannen i Romsdal,
der ligg Solemdal - solrike bygd.
Mellom skogar og myrar og gardar,
vankar folket i kvardagsleg trygd.
Og når våren med liv kjem til dalen,
då står bjørka i lia med knopp.
Og kvar sumar når regnvatnet flaumar,
då kjem auren i Storelva opp.
I frå Talset og heilt ut i Plassen,
er det velstelte heimar å sjå.
Det er arv i frå strevsame slekter,
som til komande slekter skal gå.
Og om folket med åra vil skifte
går det alt i sitt vanlege spor.
Her er ungdom som ventar med glede,
på å drive sin heim og si jord.
Lat so Solemdal kvila i signing.
Lat kvar ungdom bli fedrane lik.
Lat dei bruke sin kunnskap og evner,
slik at framgang gjer kvardagen rik.
Lat so brorskap og fred bli i heimen.
Lat kvart feilgrep til beste seg snu.
Lat kvar dag eige signing og lukke,
i all kjærleik - i von - og i tru.