Solsprett på Romnåhø
Bygd: Eikesdalen
Kommune: Nesset
Tekst: Truls (Trond Utigard)
Kjelde: Unge Romsdal 1935 s. 231
Soli stig yver Romnåhø
og gyllar dei kvite vidder,
vermer dalen med skog og bø
og kvikjer kornet som bryddar.
Soli leikar på Romnåtind,
med livshugen all ho nører.
Sumarvarme til alle finn,
til alt som liver ho fører.
Soli skin inn i frosne sinn
som myrker og kjøld hev isa.
Glade njota me varmen linn,
og sumardagen me prisa.