Strande-sangen

Bygd: Strande
Kommune: Molde
Tekst: Ukkelberg, Jostein
Melodi: trad. gospel/ Over in the Gloryland



Refreng:
Strande det er bygda vår
vakse fram av trange kår
gardar ligg så trygt i ly.
Langstrakt mellom fjord og li
her er bøar, skog og sti.
Asfaltveg til Molde by.
 
1. Vakrast er nok fjell og fjord
utsikta mot sør - frå nord
fjelltoppar så langt vi ser.
Røbekkyrkja lengst i vest
100 år og kos'leg prest,
bilane forbi oss fer.
 
Refreng: Strande det er ...
 
2. På Lønset var her ferje før
no er det tunnel mot sør.
Bolsøybru vi fikk på si.
Ingen sau og lite ku
likevel vil folket bu
og fleire vil her sikkert bli.
 
Refreng: Strande det er ...
 
3. Til Strande er det sykkelsti
vid're må det også bli.
På vegen er det stor trafikk.
Vi ventar nå på byggetid,
men vonleg ingen bygdestrid.
Takkar her for alt vi fikk.
 
Refreng: Strande det er ...