Utsyn frå Sekken

Bygd: Sekken
Kommune: Molde
Tekst: Ungdom
Melodi: Trad. folketone "Falkvor Lomansson", og nytta til "Høye fjell..."
Kjelde: Unge Romsdal 1934 s. 6



Romsdalsriket frå toppen her
ser eg for augo, so vide.
No frå Sekken si høgd eg ser
fjorden her Håkon laut stride.
Eidsvåg der inne
og Mia i vest vil me finne.
 
Sjå der inne står Romsdalshorn,
helsar deg traust der frå leia.
Skåla, Blåtind og Trollstolen.
Fagert til syn må me segja.
Bygder ved sjøen
med hus på den velstelte bøen.
 
Molde, Romsdal sin fagre by,
no ser eg deg med det same.
Tresfjord krøkjer seg trygt i ly.
Romsdal hev fjell til si rame.
Dalstrøk og kollar
eg klædde med rikdom som follar.
 
Veøy! Kyrkja og soga di!
Der ligg du midt i vårt rike.
Kjend du er i frå gamal tid.
«Trua» di vil me kje svike.
I dine salar
hev me fått den arven me alar.
 
Her på høgda det er so fritt –
høgtida kjennest i hugen.
Herfrå skodar eg riket mitt,
Segjer med sanning for mugen:
Romsdal mitt rike.
Ja, eitt som eg aldri vil svike.