Veøy

Bygd: Veøya
Kommune: Molde
Tekst: Anfindsen, Finn H.
Kjelde: Jul i Romsdal 1939 s. 16 og Det gror på vår jord / Finn H. Anfindsen

Heilage øy i Raumarnes rike.
Heilage øy med soge og segn.
Blòta vart her –
guder til ære.
Seinare og fredlause folk
alltid fant kvile
på gjestmilde øy.
 
Heilage øy i Raumsdølafylket,
der sola vart dyrka,
og med åsatrua,
Odin og Tor
folket der samlast
offer å gjeva –
på gjestmilde øy.
 
Langskip har stemna
inn imot strender.
Høvding har gjesta
tempel og hov.
Klokskap og framferd,
venner og frender
bygd har kaupang
med sverd og med lov.
 
Budstikk vart sendt
i fredlause tider.
Bålet vart tendt
på fjell og i lier.
Hovet vart reist
guder til ære.
Men kyrkja vart vigsla
for Kvite-Krist lære.
 
Bygd det vart
tempel og hallar.
Folket seg samla
når lurtonar gjallar.
      
So seier soga
om Håkon Herdbrei:
Fòr ifrå Veøy
fredmild i hugen.
Møtte ved Sekken
Erling hin Skakke –
reist for å felle
Håkon, vår høvding.
Vondkynd han kom
med skipa so mange.
 
Fall der so Håkon
i slaget ved Sekken,
saman med konungen
gjevaste menner
Noreg då åtte.
 
Fredsæle øya
frå nordmannaveldet.
Tidene gløymde
kaupangen Veøy.
Kyrkje i vanmakt –
tider so låke.
Natt over Noreg –
framandveldet.
 
Men i dei lange
mørke netter –
fredmild låg øya.
Gløymd var vel soga,
segner og orda
om blòtestaden.
Gøymde i jorda
låg heilage minne.
 
Kom det so tider
folket det vakna,
reiste seg oppatt
frå lange natt.
Håkon sin tanke,
Olav si kyrkje,
lysande sterke
med draumar høge,
minnast dei måtte –
landet sitt vyrdsle.
 
Kjem dei no saman,
vener og frender.
Kyrkja skal standa
om tidene vender.
Klangen frå klokka
kaller oss saman.
Kyrkja som minner
om alvor og gaman.
Steiner som talar
og trua som brenn.
Folket skal samlast –
for kyrkja ho stend.