Vår i Romsdal
Update Required
To play the media you will need to either update your browser to a recent version or update your Flash plugin.
Bygd: Romsdalen
Kommune: Rauma
Tekst: Helde, Einar
Melodi: No livnar det i lundar
Kjelde: Regnbogetonar / Einar Helde. - 2010
Det er ein stille vårkveld
eg går meg ut ein tur.
Eg skodar stolte snøfjell
i vakker, vill natur.
Stupbratt, majestetisk
stig Romsdalshornet opp,
tvert over tronge dalen:
Trolltindan’, topp i topp.
Her nede mellom fjella
på mosegrodde stein
sit eg der og stirer
mot himlen, blå og rein.
Gjev at eg var traust
som trygge fjella tufta.
Gjev at eg var rein
som blåe himmellufta.
Trea står med ørsmå blad og kumar.
Fuglar syng om sol og sumar.
Til Skaperens ære dei kvitrar så glad
og prisar naturen på denne stad.
Eg blir så glad at eg syng med
i dette jubelkor,
og takkar Gud for helse, fred,
og all mi glede stor.