Vårt kjære Buavær

Bygd: Bud
Kommune: Fræna
Tekst: Vaagen, Ola
Melodi: Ola Vaagen



Ut mot holmar, sund og skjær, ligg den bygda me he kjær
du e plassen på vår jord, her me trivst med far og mor.
Me he nordavind og blest, regn og kuling frå sørvest
men me lika opprørt hav som står i kav.
 
Refreng:
Du vårt kjære Buavær, e den plassen me he kjær
Kystens Perle e du kalt, luft med sjødrev, frisk og salt.
Folket her vil sammen bu, på ei felles framtid tru
du vårt gode Buavær e oss så kjær.
 
Tenk ein vakker sommarkveld, sola ned i havet fell
unge par på berga sett, he det herlig, lyst og lett.
Kaste snøre, line dra, utpå fjorden e det bra
hav og sjø så rein og frisk, med nok av fisk.
 
Brått så snur det om te storm, Hustadvika e enorm
fiskebåten kjem no inn, om den tidsnok leia finn.
Sorg og motgang havet gje, men me takke au for det
ut mot havet vil me bu, med håp og tru.