Vårt

Bygd: Romsdal
Tekst: E.
Kjelde: Unge Romsdal 1935 s. 81

Over Romsdals tinderader
dagen spratt og sola steig.
Livet odda alle stader
på vår eigen ottarteig.
Vigsla, bygt i arbeidsrider
medan gleda lyste klårt,
bare gjenom tunge tider
odlast det som vart til vårt.
 
Friskt skal smelle ifrå stonga
merket vårt so rakt og reint!
Livsens rett hev Romsdalstunga,
lat ho klinge endebeint!
Fram i fylking alle møter,
burt med danske skrift og skam!
Fyrst på eigne, faste røter
kann me vekse upp og fram!