Øya mi

Bygd: Otrøya
Kommune: Midsund
Tekst: Beinset, Anton
Melodi: Kolbein Rakvaag/ korsong ved Midsund blandakor dirigert av Solbjørg Heggdal (henta frå kassett

Øya mi er skriven av Anton Beinset og Kolbein Rakvaag har tonesett for blandakor. Midsund blandakor øvde inn denne og framførte den fleire gongar.
Kolbein Rakvaag sin melodi har ulik melodi for kvart vers. Her er melodien som går til vers 1 og 2.. Vers 3 har ny melodi, vers 4 og 5 har ein melodi som liknar på vers 1) 
 I lydfila ligg heile songen

Denne lydfila vil bli gjort betre
 




Eg veit ei øy som trassig rid mot hav og stormar,
Som kviler blidt i sommarver når havet dormar,
som løyner seg i skodda grå så kald som sorg
som ler i sola vann og blå som sydlands borg.
  
Eg veit ein gard med mager jord og steinut bø
der livet uredd veks og gror bak knaus og hø.
Små blomar pryder bøen vår med fager let
og blidt i draumar husa står i ljose net.
  
Ein haustdag bryt det storm mot land
og havet rasar mot skjær og holm og riva strand.
Når havet bryt på under stormen mot land,
det rasar, det riv og det knasar.
- Men folk og hus held trassig stand.
Ja, folk og hus held stand.
  
Å du mi øy, så rik, så arm,
så hard, så mjuk, så kald, så varm.
Eg ber deg alltid i min barm.
  
Å, Otterøy du eig mitt liv til alder grå.
Du styrlaust i meg riv og slit når eg lyt gå.
Ditt harde ver, din mjuke vind er i min hug,
dei nakne, slitne knausar og lauvrik skog.
 
Som treet fell på jorda si, fest i deg
og blir til eitt med jorda si og kviler seg,
slik vil eg finne kvila mi hjå deg.