Øya vår
Update Required
To play the media you will need to either update your browser to a recent version or update your Flash plugin.
Bygd: Otrøya
Kommune: Midsund
Tekst: Sundsbø, Alf
Kjelde: Unge Romsdal 1936 s. 181
Guttorm R. Ulvund laga melodi i 2024
Der ute i fjorden ved holmar og skjer
ligg øya vår berglendt og mager.
Bak husa stig fjella så bratte og svær,
men lell tykkjer me ho er fager -
med berg og med koll
so digre som troll.
Av fjell er det nok, men for lite av mold.
Og rundt ikring øya ligg havet so vidt
og speglar dei stupbratte berga.
Men stundom går sjøen av skumsprøytar kvit,
og landet av uver vert herja.
Det knakar og brest.
Det er ingen fest
å vere på sjøen når stormen er gjest.
Men folket dei strævar og balar med sitt
på sjøen, og ogso på jorda.
Dei tuslar og puslar, arbeider og slit
for barneflokken og mora.
Det gjeng ofte trått
og monar so smått.
Det er ikkje alle som hev det so godt.
Ja, ofte det vonlaust og stussleg ser ut
å tene til klæde og føde.
Men mat skal dei ha både gjente og gut,
og vølast skal stove og løde.
Ho mor vert nok klar,
og like eins far.
Men guten krev sitt skal han vekse til kar.
Å, kunde me sjå litt på fjella som står
og peikar mot himmelklåren,
og gløyme av maset i dag og i går
og spegle av himlen som fjorden.
Då veit eg for vel
me kjende oss sæl.
Då var eg ‘kje lenger ein jordbunden træl.