Tusenårssteinen i Innfjorden
Type: Bauta
Kommune: Rauma
Stad: Innfjorden
År: 2000
Innskrift forside:
År
2000
Til no har
Herren
hjelpt oss.
1.Sam. 7.12
Omtale:
Det var Gunnar Bø og Knut Stenerud som var primus motor for å få opp denne til tusenårsskiftet. Steinen vart funnen i lia ved Tuten ved Bøstølen fremst i Innfjorden.
Eit gravminne-firma på Eide laga til plata med innskrifta.
Dei to små steinane på sida av den store er "vitne"- vitnesteinar, slik det var brukt når det vart sett ned bytesteinar.