Bautastein, Oppigard

Type: Bauta
Kommune: Nesset
Stad: Eikesdalen, Oppigard gnr 79/11

Omtale:

Bjørn Austigard skriv:
Denne bautasteinen står like ved Eikesdalsvegen 2232 i Oppigard, Eikesdalen. Opphavleg stod steinen på Bogan – mellom Reitan og Utigard – men i samband med jordskiftet for matrikkelgarden Eikesdal i 1870-åra, flytta gardbrukar Peder Aslaksen Oppigard (1805-1891) steinen heim til gardstunet sitt. Det var nemleg han som åtte jorda der steinen stod før jordskiftet.
Denne bautasteinen er første gong omtala av Joachim Andreas Bredal, fullmektig hos fogden i Throndhjems stift. Eg fann det  i ein rapport i Det kgl. bibliotek, København, datert 3. november 1774, stila til Gerhard Schøning. Bredal var kapellan i Nesset ei kort tid. Han skriv at steinen stod “tæt ved Vejen” ovanfor Reitan. I Oppigard stod også ein bautastein, skriv Bredal. Steinane skal “være dit kommen af Kjæmper, som have brugt samme til at skyde dermed imot hinanden. ... En (kjempe) paa et berg kaldet Borrøen, den anden kjempe paa et berg kaldet Kattehammeren.”
Bautasteinen som stod i Oppigard, vart seinare brukt i ein fjøsmur (møkkakjellarinngang) i Oppigard, bnr. 9.

 

Bautastein, Oppigard (2).JPG Bautastein, Oppigard (1).JPG