Grensetavle

Type: Grensestein
Kommune: Vestnes
Stad: Nakkedalen, Reset
Reist av: Vatne sogelag
År: 2000

Innskrift forside:

Grensetavle
 
Riksgrense mot Sverige frå 1658 (freden i roskilde) til 1660 (freden i København)
Bispedømegrense Bjørgvin - Nidaros 1622 -1982
Futedømegrense Romsdal - Sunnmøre 1595 - 1671
Frostating - Gulating lagdøme til 1936
Romsdal - Sunnmøre domssokn
Vestnes - (Skodje og) Vatne prestegjeld
Vestnes - Burgund (1849)/Skodje (1900)/Vatne herad (1965)/Haram kommune
Nakkebygda - Krogsæter (Krokssæter), gardsnummer 98 i Haram
Språkgrense: Tjukk L m.m. i Romsdal
Universiteta i Oslo og Bergen
Vatne skipreide - Vestnes åtting
Sunnmørafylket - Raumsdølafylket til 1400-talet
Sunnmøre len (1597)/ Bergenhus hovudlen - Tronheims len (1671)
Réset høgd over havet: 315 m
 
Vatne sogelag år 2000

Les meir:

Nakkebygda /Olav Eidhammer, 1966, s. 4-5.

Grenstavle2.jpg Grensetavle1.jpg