Her kviler ukjend soldat
Til minne om: 2. verdskrig
Type: Minnestein
Kommune: Sandøy
Stad: Harøy kyrkjegard
År: 2019
Innskrift forside:
HER KVILER
UKJEND SOLDAT
DØD 1942
Omtale:
I november 1942 dreiv det i land ein død soldat i Breivika på Harøya. Liknande funn blei gjort fleire stader langs kysten hausten 1942. Dette kan ha vore russiske krigsfangar frå skipet "Palatia" som blei senka utanfor Lindesnes 21. oktober 1942. Det er uråd å fastslå dette sikkert, men soldaten blei gravlagd på Harøy kyrkjegard 11. desember 1942 og jordfesta 18. juli 1943. Minnesteinen er gjeven av Kulturdepartementet og blei reist til frigjeringsdagen 8. mai 2019.