1872
Type: Minnestein
Kommune: Nesset
Stad: Vistdalen, Rødalen, g.nr. 110 br.nr. 1
Innskrift forside:
1872
Omtale:
Randi Ingunn Selnes skriv:
Bilete nr. 1: Minnestein i Nesset kommune på garden Rødal i Vistdalen, g.nr. 110 br.nr. 1. På framsida mot gamlevegen som gjekk gjennom gardstunet, er årstalet 1872 innhogd. Elles ingen opplysningar. Truleg vart bygdevegen
framover Vistdalen ferdig det året. Rødal var fremste bruket i dalen på den tida.
Bilete nr. 2: Minnesteinen sett frå baksida. Gjennom krattet kan vi skimte stabbur og våningshus på Rødalen. No går vegen
mot Vistdalsheia bak steinen, men gamlevegen som slutta her, var i tunet mellom steinen og husa.