OASS 1819 (Skjørseter-futen)

Til minne om: Historisk stad
Type: Minnestein
Kommune: Nesset
Stad: Tjellekleiva
År: 1936

Innskrift forside:

OASS
1819
X

Omtale:

Steinen står i vegkanten på Tjelleskaret ved Fele-Jo-vatnet (Kvamlivatnet).
Etter Bolsøyboka 4, side 347, vart vegen bygd i 1816 og ferdig kring 1828.  
Bokstavane på steinen står for Ole AmundSen Skjørseter ("Umund-Ola" eller "Skjørseterfuten").
Steinen blei nedriven etter første gangs oppsetting.Gjenfunnen og plassert der den no står i 1936 etter opprusting av vegen.
Ole A. Skjørseter reiste til futen i Molde og klaga over den dårlege vegen, og bygdefolket fekk lov å sette i gang arbeidet. Arbeidskarane frå Rød og Tjelle starta å gå frå Tjelle likt med folka frå Gussiåsen og Skjørsetra, som starta frå Skjørsetra. Der dei møttes skulle arbeidet starte og så skulle dei arbeide i kvar si retning. Dei møttes ved midten av Kvamlivatnet og der vart steinen reist i 1819.

Les meir:

 Ola Hola: Folkeliv og tradisjon i Nesset, bind 1, side 70-73.

Steinen er og omtala i Otter Roaldset: Gards- og ættesoge for Nesset", bind 1, side 281.

R.Fot.68114_eks.jpg R.Fot.68117_eks.jpg