Årsskrift 2023
Årsskrift 2023 har selt godt, og opplaget er snart utselt. Det finns enno litt igjen hos bokhandlarane. Kan også tingast på e-post og telefon hos oss.
post@romsdal-sogelag.no 976 61 964
Siste nytt
Nye melodiar til bygdesongar
Komponisten Guttorm R. Ullvund har laga ei mengd nye melodiar til dikt som vi ikkje har funne melodiar til tidlegare. Alle melodiane er enkle, lettsungne og fengande. Han har fått hjelp til å arrangere songane av Arnold Farstad. Notar og lydfiler til desse nye songane finnst no under fana Bygdesongar : Lilja, Naar sommeren kommer (Bergsviksetra), Ein vårmorgon på Veøya, Mardalsfossen 1-2, Aandalsnes, Finnøy, På Tiltereidet og Sommar i Eikesdal. Spesielt vil vi nemne det storfelte hyllingsdiktet til Romsdal, Lilja, som Ingvald Raknem skreiv i 1932. Her er noko å tenke på for arrangørar av 17. mai-tilstellingar!
Det datt ned ein binders
Sogelaget har tidlegare gjeve ut Eirik Moens underfundige kåseri, både som trykt bok og som lydbok på kassett. No har vi fått digitalisert lydboka der Eirik Moen les sine eigne tekster, og gjort den tilgjengeleg her på heimesida vår. Du finn den under fana Tekster, eller her: https://www.romsdal-sogelag.no/tekster Lydfilene ligg ordna slik teksten står i den trykte boka, 55 kåseri i alt. Boka kan framleis kjøpast, kr 100.
Årsmøte 2024
Årsmøtet blei halde på Krona, Romsdalsmuseet med svert god deltaking og god stemning. Dei viktigaste vala var samrøystes med dette resultatet:
Leiar: Bjørn Austigard (attval for 1 år)
Styremedlemmer: Soveig Flemmen (attval for 2 år) og Kenneth Staurset Fåne (ny, for 2 år. Per Arnt Harnes og Mads Langnes var ikkje på val.
Redaktørar: Per Arnt Harnes, Dag Skarstein og Turid Leirvoll Øverås (alle attvalde for 1 år).
Årsskrift 2023
Årsskrift 2023 har selt godt, og opplaget er snart utselt. Det finns enno litt igjen hos bokhandlarane. Kan også tingast på e-post og telefon hos oss.
post@romsdal-sogelag.no 976 61 964