Årsskrift 2024

Årsskriftet er no ferdig trykt og det er snart klart for utsending til alle medlemmar.

Før den tid blir det eit lanseringsmøte i Auditoriet på Krona/Romsdalsmuseet torsdag 7. november kl. 12

Redaksjonen og fleire artikkelforfattarar vil presentere eit utval av artiklane. Møtet er opent for alle med høve til å kjøpe boka til medlemspris eller teikne abonnement.

Velkomen


Publisert 3. Nov 2024

Siste nytt

3. Nov 2024

Årsskrift 2024

Årsskriftet er no ferdig trykt og det er snart klart for utsending til alle medlemmar.

Før den tid blir det eit lanseringsmøte i Auditoriet på Krona/Romsdalsmuseet torsdag 7. november kl. 12

Redaksjonen og fleire artikkelforfattarar vil presentere eit utval av artiklane. Møtet er opent for alle med høve til å kjøpe boka til medlemspris eller teikne abonnement.

Velkomen

9. Apr 2024

Nye melodiar til bygdesongar

Komponisten Guttorm R. Ullvund har laga ei mengd nye melodiar til dikt som vi ikkje har funne melodiar til tidlegare. Alle melodiane er enkle, lettsungne og fengande. Han har fått hjelp til å arrangere songane av Arnold Farstad. Notar og lydfiler til desse nye songane finnst no under fana Bygdesongar : Lilja, Naar sommeren kommer (Bergsviksetra), Ein vårmorgon på Veøya, Mardalsfossen 1-2, Aandalsnes, Finnøy, På Tiltereidet og Sommar i Eikesdal.  Spesielt vil vi nemne det storfelte hyllingsdiktet til Romsdal, Lilja, som Ingvald Raknem skreiv i 1932. Her er noko å tenke på for arrangørar av 17. mai-tilstellingar!

9. Apr 2024

Det datt ned ein binders

Sogelaget har tidlegare gjeve ut Eirik Moens underfundige kåseri, både som trykt bok og som lydbok på kassett. No har vi fått digitalisert lydboka der Eirik Moen les sine eigne tekster, og gjort den tilgjengeleg her på heimesida vår. Du finn den under fana Tekster, eller her: https://www.romsdal-sogelag.no/tekster Lydfilene ligg ordna slik teksten står i den trykte boka, 55 kåseri i alt. Boka kan framleis kjøpast, kr 100.

Styret2024,5.jpg
14. Mar 2024

Årsmøte 2024

Årsmøtet blei halde på Krona, Romsdalsmuseet med svert god deltaking og god stemning. Dei viktigaste vala var samrøystes med dette resultatet:

Leiar: Bjørn Austigard (attval for 1 år)

Styremedlemmer: Soveig Flemmen (attval for 2 år) og Kenneth Staurset Fåne (ny, for 2 år. Per Arnt Harnes og Mads Langnes var ikkje på val.

Redaktørar: Per Arnt Harnes, Dag Skarstein og Turid Leirvoll Øverås (alle attvalde for 1 år).

> NYHETSARKIV