Eldre årgangar søkbare på nettet

Du kan no søkje i eldre årgangar av Årsskrift på nettet. Gå inn på Årskrift frå forsida. Søket er basert på ei løysing frå Google og er ikkje heilt som vi ønkjer det enno, men det går godt an å bruke det allereide no. Lukke til!

Publisert 17. Jan 2014

Siste nytt

23. Jan 2025

Årsmøte 2025

Årsmøtet i Romsdal sogelag blir halde 11. mars kl. 19.00 på Krona, Romsdalsmuseet.

Alle medlemmer får eit eige årsmøtehefte i posten med sakliste og sakspapir. Der vil det og kome orientering om årets tur.

9. Apr 2024

Nye melodiar til bygdesongar

Komponisten Guttorm R. Ullvund har laga ei mengd nye melodiar til dikt som vi ikkje har funne melodiar til tidlegare. Alle melodiane er enkle, lettsungne og fengande. Han har fått hjelp til å arrangere songane av Arnold Farstad. Notar og lydfiler til desse nye songane finnst no under fana Bygdesongar : Lilja, Naar sommeren kommer (Bergsviksetra), Ein vårmorgon på Veøya, Mardalsfossen 1-2, Aandalsnes, Finnøy, På Tiltereidet og Sommar i Eikesdal.  Spesielt vil vi nemne det storfelte hyllingsdiktet til Romsdal, Lilja, som Ingvald Raknem skreiv i 1932. Her er noko å tenke på for arrangørar av 17. mai-tilstellingar!

9. Apr 2024

Det datt ned ein binders

Sogelaget har tidlegare gjeve ut Eirik Moens underfundige kåseri, både som trykt bok og som lydbok på kassett. No har vi fått digitalisert lydboka der Eirik Moen les sine eigne tekster, og gjort den tilgjengeleg her på heimesida vår. Du finn den under fana Tekster, eller her: https://www.romsdal-sogelag.no/tekster Lydfilene ligg ordna slik teksten står i den trykte boka, 55 kåseri i alt. Boka kan framleis kjøpast, kr 100.

20. Dec 2023

Årsskrift 2023

Årsskrift 2023 har selt godt, og opplaget er snart utselt. Det finns enno litt igjen hos bokhandlarane. Kan også tingast på e-post og telefon hos oss.

post@romsdal-sogelag.no 976 61 964

> NYHETSARKIV