Kjenner du desse orda?

Alf A. Sæter samla ord som vart brukt under oppveksten hans på Gossen. Her er nokre av dei, og spørsmålet er kor utbreidde dei er.

Kjenne du desse orda?                                               November 2014
Alf A. Sæter samla ord som vart brukt under oppveksten hans på Gossen. Her er nokre av dei, og spørsmålet er kor utbreidde dei er.
Kjenner du desse orda frå di bygd, så skriv bygdenamnet under eller bak ordet. Har du eit anna tydingsinnhald på eit ord (t.d. «kregdå»), så skriv også kva det betyr hos deg.
Svaret sender du til Bjørn Austigard, Birkelandvegen 1A, 6416 Molde
 
 
DRONKE = frodig blautmyr/våtmark
   (Ky’n he sjètne jur fordi dei he’ vaspæ’ i dronken i heile dag)
 
DILLHUE = strikka topphue med dusk
   (Alle julenissein’ he’ rø’ dillhue)
 
VERBRÆST = lyn frå torever så langt unna at lyden ikkje når fram  (De’ e’ verbræst uti havæ’ i kveill’, ser i)
 
JOR = mogen/moden
    (No e’ blåbera jor borti haua’)
 
KVITEBIKKJÅ = den kvite hinna i auget.
        (I forsto’n ha’ ovètæ’ fær i såg bære kvitebikkjen’ ti’ nå’)
 
ISJUGLÆ = istappar        UFSEDRÅPE = vassdropar som fell frå taksida ute
         (Isjuglein’ e’ vekk og ufsedråpein’ e’ komne i sta’n)
 
EI SJÆRVEISE = ei stortabbe
       (Velta’ du målingsspanna so gjær du ei skikkeleg skjærveise)
 
Å TRILLE = uhøgtideleg uttrykk for å døy (stupe)
     (Han trillæ’ vel snart, han bestefar au’ no når ho beste e’ dø’)
  
KREGDÅ = influensa/kraftig og langvarig forkjøling
      (Dei ligg foreinde tå kregd’n borti aille garæ’ no)
 
DEPEL = skiten gjørmepytt
            (Ikkje gå der og trakk’ borti’ depelæ’, gut!)
 
SMØKJINJ’ = smørblid og innsmigrande
         (Ja, gjeng du på friærføt’ so må du vare smøkjinj’)
 
HAL-KORINGS’ = fiftyfifty/ halvt om halvt
         (I e’ halkorings nordmøring og romsdaling, i) 
          
EI SVÅKT =  eit søkk/litt lågare område enn omgjevnadane
     ( I lika ikkje at de’ he’ vorte ei svåkt i garasjegolvet)
 

Publisert 28. Jan 2015

Siste nytt

12. Mar 2025

Nytt styre i Romsdal sogelag

Det nye styret etter konstitueringStyret RS 2025,1Leiar: Kenneth Staurset Fåne, Nestleiar: Per Arnt Harnes, Skrivar: Mads Langnes, Kasserar: Solveig N. Flemmen, Styremedlem: Turid Leirvoll Øverås, Vara: Dag Skarstein, Britt Iren Neergård og Bjørn Ølander. T. L. Øverås og B. I. Nergaard var ikkje til stades.

12. Mar 2025

Leiarskifte i Romsdal sogelag

På årsmøtet 11. mars 2025 blei Kenneth Staurset Fåne valgt som ny styreleiar, som den 5. i rekka, etter Bjørn Austigard som gjekk av etter 50 år i styret og 41 år som leiar.Bjørn og Kenneth

9. Apr 2024

Nye melodiar til bygdesongar

Komponisten Guttorm R. Ullvund har laga ei mengd nye melodiar til dikt som vi ikkje har funne melodiar til tidlegare. Alle melodiane er enkle, lettsungne og fengande. Han har fått hjelp til å arrangere songane av Arnold Farstad. Notar og lydfiler til desse nye songane finnst no under fana Bygdesongar : Lilja, Naar sommeren kommer (Bergsviksetra), Ein vårmorgon på Veøya, Mardalsfossen 1-2, Aandalsnes, Finnøy, På Tiltereidet og Sommar i Eikesdal.  Spesielt vil vi nemne det storfelte hyllingsdiktet til Romsdal, Lilja, som Ingvald Raknem skreiv i 1932. Her er noko å tenke på for arrangørar av 17. mai-tilstellingar!

9. Apr 2024

Det datt ned ein binders

Sogelaget har tidlegare gjeve ut Eirik Moens underfundige kåseri, både som trykt bok og som lydbok på kassett. No har vi fått digitalisert lydboka der Eirik Moen les sine eigne tekster, og gjort den tilgjengeleg her på heimesida vår. Du finn den under fana Tekster, eller her: https://www.romsdal-sogelag.no/tekster Lydfilene ligg ordna slik teksten står i den trykte boka, 55 kåseri i alt. Boka kan framleis kjøpast, kr 100.

> NYHETSARKIV