Årsskrift 2021

Årsskrift 2021 - Kyrkjene i Romsdal blei forsinka frå bokbinderiet, men no er bøkene komne og er på veg til medlemmene. For dei som vil ha fleire bøker er medlemsprisen kr 400, portofritt. Send mail til post@romsdal-sogelag.no  eller telefon 976 61 964.


Publisert 25. Nov 2021

Siste nytt

23. Jan 2025

Årsmøte 2025

Årsmøtet i Romsdal sogelag blir halde 11. mars kl. 19.00 på Krona, Romsdalsmuseet.

Alle medlemmer får eit eige årsmøtehefte i posten med sakliste og sakspapir. Der vil det og kome orientering om årets tur.

9. Apr 2024

Nye melodiar til bygdesongar

Komponisten Guttorm R. Ullvund har laga ei mengd nye melodiar til dikt som vi ikkje har funne melodiar til tidlegare. Alle melodiane er enkle, lettsungne og fengande. Han har fått hjelp til å arrangere songane av Arnold Farstad. Notar og lydfiler til desse nye songane finnst no under fana Bygdesongar : Lilja, Naar sommeren kommer (Bergsviksetra), Ein vårmorgon på Veøya, Mardalsfossen 1-2, Aandalsnes, Finnøy, På Tiltereidet og Sommar i Eikesdal.  Spesielt vil vi nemne det storfelte hyllingsdiktet til Romsdal, Lilja, som Ingvald Raknem skreiv i 1932. Her er noko å tenke på for arrangørar av 17. mai-tilstellingar!

9. Apr 2024

Det datt ned ein binders

Sogelaget har tidlegare gjeve ut Eirik Moens underfundige kåseri, både som trykt bok og som lydbok på kassett. No har vi fått digitalisert lydboka der Eirik Moen les sine eigne tekster, og gjort den tilgjengeleg her på heimesida vår. Du finn den under fana Tekster, eller her: https://www.romsdal-sogelag.no/tekster Lydfilene ligg ordna slik teksten står i den trykte boka, 55 kåseri i alt. Boka kan framleis kjøpast, kr 100.

29. Jan 2023

Billige Moldehistorier

Forlaget Via Media v/Leif Magne Flemmen og Konrad Moe, som gir ut bøkene "Moldehistorier", har tilbudt oss å selge ut restopplaget. Vi selger bøkene for kr. 100, - pr. stk. Ta kontakt på: post@romsdal-sogelag.no  eller tlf. 976 61 964

> NYHETSARKIV