Lover for Romsdal Sogelag

Vedtatt på årsmøte 15. mars 2022

 

§ 1. Formål
Laget har til formål å vekkje sansen for eldre kultur og levevis i Romsdal, og med sogearbeid knyte bandet fastare mellom fortid og framtid.

§ 2. Medlemsskap
Medlemmer blir alle som betaler den årskontingenten som til kvar tid er fastsett av årsmøtet.

§ 3. Skrifter
Kvart år gir laget ut eit årsskrift. Skriftet blir sendt til dei medlemmene som har betalt kontingenten for dette året. Laget kan også gi ut andre sogeskrift.

§ 4. Styret
Eit styre på fem medlemmer blir valt på årsmøtet. Leiaren blir valt ved særskilt val for eitt år. Dei andre blir valde for to år om gongen såleis at to går ut skiftevis. Styret vel nestleiar, skrivar og kasserar. Skrivar og kasserar treng ikkje vere medlem av styret. Styret er vedtaksført når leiar eller nestleiar og minst to andre styremedlemmer er til stades. Leiaren bind laget økonomisk og juridisk med si underskrift.
Styret vel eitt medlem, i tillegg til leiaren, til medlemmer av styret i Margit og Morten Parelius’ minnefond.

§ 5. Årsmøte
Årsmøtet skal haldast i første kvartal kvart år, og det skal vere tillyst minst ei veke før.
Årsmøtet skal behandle desse sakene:

1. Styrets framlegg til årsmelding
2. Revidert rekneskap for føregåande år
3. Styrets framlegg til arbeidsprogram og budsjett
4. Fastsetting av kontingent
5. Eventuelt innkomne saker. Desse må vere innkomne til styret innan 1. januar.
6. Revidert rekneskap for Margit og Morten Parelius’ minnefond skal refererast for årsmøtet.
7. Val:
    a. Leiar - for eitt år
    b. To styremedlemmer - for to år
    c. Tre varamedlemmer til styret - for eitt år
    d. Ein revisor med vara - begge for eitt år.
    e. Ein eller fleire ansvarlege redaktørar for årsskriftet og eventuelle ekstra­bøker – for eitt år.
        Redaktørane treng ikkje vere medlem av styret, men har rapporteringsplikt til styret og kan møte der med tale- og forslagsrett.
    f. Valkomite på tre medlemmer - for eitt år.

Stemmerett på årsmøtet har alle som har betalt årskontingenten innan møtestart. Årsmøtet sjølv avgjer om nokon kan stemme med fullmakt. 

§ 6. Lovendring
Framlegg til lovendring må vere styret i hende 1. januar, og må på årsmøtet ha eit flental på 2/3 av dei frammøtte for å bli lov.

§ 7. Ekstraordinært årsmøte
Ekstraordinært årsmøte skal haldast når styret gjer vedtak om det, eller minst 100 medlemmer krev det. For innkalling og møtevarsel gjeld reglar som for ordinært årsmøte. Ekstraordinært årsmøte kan berre ta opp saker som er kunngjorde i innkallinga.

§ 8. Oppløysing
Laget kan løysast opp når to årsmøte på rad har gjort vedtak om oppløysing med 2/3 fleirtal. Lagsarkivet skal gå over til Romsdalsmuseet. Andre aktiva skal gå over til Margit og Morten Parelius’ minnefond.